Eg er ein sykkelpendlar, som syklar til og frå jobb nærast kvar dag. Eg irriterar meg over andre trafikantar akkurat like mykje som alle andre i trafikken, slik er det berre, men blant dei er det mykje å irritere seg for syklistar også.
Vegtrafikklovens paragraf 3 er enkel
Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn overfor dem som bor eller oppholder seg ved vegen.
Dersom du gjer dei følgjande punkta, opplevast du for meg som ein tryggare syklist. Punkta gjeld også for alle andre som fér langs sykkelvegar, men eg er litt usikker på om dei mest aktive elsparkesyklistane tek inn informasjon, så det er ikkje sikkert det er noko vits å rette seg til dei.
1. Vise retning med hendene
- Vi vil ha fleire syklistar på vegane. Og det er så enkelt som at dess fleire syklistar vi får, dess meir blir vi køyrande i linje. Dersom ein køyrer bil er det lovpålagt å blinke, noko tilsvarande har vi ikkje for syklistar. Men det er frykteleg praktisk.
2. Sjå seg bakover (eller kjøp spegel)
- Få oversikt over trafikkbiletet like ofte som du ville ha gjort i ein bil. Om du ikkje veit om det kjem nokon bak deg, er du unødvendig farleg. Kast eit blikk bakover – eller kjøp ein spegel! – så du har kontroll før du bremser eller svinger.
3. Slå på lyset, også på dagtid
- Du blir meir synleg for alle, både bilistar og gåande og oss andre syklistar. Ikkje berre er det trafikalt ein god idé, men det er også ulovleg å sykle utan kvitt lys foran og raudt lys bak i «mørket eller i usiktbart vær på alminnelig beferdet veg eller område», med 1300 kroner i bot som straff om du blir teken utan. På vinteren er mesteparten av døgnet «mørke eller usiktbart vær».
4. Det er berre lov til å sykle éin veg i sykkelveg
- På same måte som at du ikkje kan køyre mot køyreretninga på ein bilveg, kan du heller ikkje køyre mot køyreretninga på ein sykkelveg.
5. Du har faktisk vikeplikt av og til du også
- Favoritteksempelet mitt her er overgangar som dette, på Solheimsiden av Danmarksplass i Bergen. Her skjer det rett ofte at syklistar farer forbi i full pinne sjølv om dei har vikeplikt (som er ekstramarkert, til og med) for gåande.
Ellers, om du skulle trenge diverse statistikk og studier på syklistar satt oppimot andre trafikantar, så kan du sjå her .Diverse sykkelcopypasta – lenker om sykling