🎲

Rekreasjonell Excel, del 2 – terning-edition

Det var i dei dagar då eg arbeidde frilans, og arbeidde frå kontoret mitt under eit vindaugslaust trapperom i Bergen sentrum. Då treng ein gjerne litt distraksjon innimellom. Kontoret mitt var også der alle rollespelterningane mine låg. Så eg bestemte meg for å finne ut om nokon av dei skilte seg statistisk ut frå gjennomsnittet.

Alle terningane blei trilla på flatt underlag, spesifikt oppå D&D 5th edition Player’s Handbook, og til saman trilla eg 12 tjuesida terningar 4550 gongar.

Dette er frekvenstabellen for kasta – grønt viser kva utfall som blei trilla ofte, raudt kva som blei trilla sjeldan – oransje er ein stad i midten.

image

På ein perfekt terning skal alle sider få omlag 5 % av utfalla. Men ingen terningar er perfekte. Lova om store tal tilseier likevel at dess fleire gongar eg trillar terningane, dess nærare 5 % vil eg kome – og dess nærare 10.5 vil gjennomsnittet av alle trilla sider lagt saman bli.

Med 4550 trill er snittet på alle terningkast 10.339.

image

I frekvenstabellen er det likevel eit par utfall som er såpass langt unna snittet at det nok er andre ting enn tilfeldigheiter som har ført til. Spesifikt terningen “Blågull d20” og “Transparent d20”, som triller henhaldsvis 20 veldig ofte, og 19 og 20 veldig sjeldan.

Youtube og Reddit skal ha det til at den største syndaren til uperfekte terningar er rare vektfordelingar grunna luftbobler i terningane, som ein kan avsløre ved å spinne den i eit glas med saltvatn for å sjå kvar tyngdepunktet ligg. Det er sjølvsagt hovudsakleg tull.

I røynda er det nok i stor grad friksjon mot ujamne overflater på terningane som teller – og på Blågull-terningen min er det ganske lett å sjå at sidene mellom 2 og 20 og 14 og 20 er meir bua enn dei burde.

I det store og heile er likevel Chessex-terningane mine heilt ok, og eg mistar verken nattesøvn eller D&D-figurar utelukkande fordi terningane mine trillar «feil».

Om nokon skulle ha noko morosamt å bruke denne statistikken på kan dei finne ein kopi av reknearket her.