Ting Einstein aldri har sagt

Ting Einstein aldri har sagt

Det er ingen tvil om at Albert Einstein var ein smart mann. Det er heller ingen tvil om at han var problematisk på mange måtar, men det er ikkje . Det han derimot ikkje var, var eit uutømmeleg kjelde til gode sitater.

Men på internett verkar det slik. Over alt på Facebook, Instagram – og sikkert framleis i kjede-e-postar frå grandtante Borgny – florerar det med ting Einstein har sagt. Det finst også veldig mange nettsider, hvis hovudoppgåve er å kome høgt opp i søkemotorar, som er stappfulle av ting Einstein visstnok har sagt.

I Noreg har vi sider som ordtak.no og

Den beste måten å finne ut om Einstein verkeleg har sagt noko er å søke på sitatet og «wikiquote» eller «quoteinvestigator» etterpå – desse to sidene har satt si ære i å avduke så mykje sitat-tull som mogleg.

Wikiquote har ei side om han med sitater han har sagt (med kjelde), men også ei rik diskusjonsside som blant anna oppsummerer mange av sitata han ikkje har sagt, eller dei med ukjend kjelde.

«Definisjonen på galskap er å gjere det same om og om igjen og forvente ulike resultat»

Har også blitt tileigna Benjamin Franklin. Uttrykket er, av Quote Investigator, funne som eit anonymt utsegn frå ei Narcotics Anonymous-brosjyre i 1981, og liknande ting er også sagt i ulike Anonyme alkoholikere-samanhengar.

Alle er geni. Men om du dømer ein fisk utfrå dens evne til å klatre eit tre, så vil den leve heile livet sitt i den tru at den er dum

Har sitt opphav i ulike sjølvhjelpsbøker og æsopske fablar, ifølgje Quote Investigator.

Ikkje alt som teller kan bli talt

Eg veit ikkje med kva våpen den tredje verdskrigen vil bli kjempa med, men den fjerde vil vi kjempe med klubber og spyd

Dette kan det faktisk vere han har sagt, men den tidlegaste siteringa av det er til ein anonym løytnant i den amerikanske hæren på atomprøvesprengingsområdet ved Bikini-atollen.

Dersom du leser eit sitat frå Albert Einstein, Abraham Lincoln, Mark Twain, Jonathan Swift eller Marilyn Monroe, er det alltid lurt å ta ein ekstra sjekk.

“Hemingway didn’t say that” av Garson O’Toole (som står bak Quote Investigator), og boka “The Ultimate Quotable Einstein” av Alice Calaprice inneheld båe gjennomgåtte og kjeldebelagte sitat av folk som er flinke med ord.

Ikkje lat grandtante Borgny dele fleire teite sitat!

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no