« I hagen» (frå Seljefløyta) av Olav H. Hauge

Det er so uneleg og skygt i hagen, - nesten yverbygt av gullregn og kastanje. Her sit me dagar lenge, her kan me kvila trygt. Sit me i skuggen - som ein foss fell ljoset inn framfyre oss på plen og flator rette med vegar hellesette, på bed og hekk i kross. Her blømer kornus og jasmin i tyrehjelm og kvit lupin. Konvall i lauv seg gøymer og slanke liljor drøymer, i graset gullbost skin.

Det er diktet over eg valgte som inngang til denne sida, og det er fordi det, i tillegg til å vere eit kult dikt av Olav H. Hauge, beskriver ein del av det eg skulle ynskje internett var – uneleg og skygt. Uneleg, eller koseleg, og skygt, skvetten og styrlaus, er to ord eg synest beskriver ynskjet mitt godt.

Så kan eg seie som ein anna av mine forbilder, John Green, at noko av det dei siste åra har vist meg er at internettet ikkje er ei éintydig kraft i det godes teneste – men det betyr ikkje at ein ikkje skal forsøke!

Eg ville lage ein digital hage, blant anna inspirert av artiklar som denne (som seier at bloggar øydelagde internett), og denne (som seier at å forsøke å ri kaos er det som gjer internett kult).

Eller som Sara Joy seier det (som ei parafrasering av tidlegare tiders visdom):

Everybody’s Free (to Make Websites).

Obsidian-basert internett

Difor forsøkte eg meg på å vere sånn fullstendig internett DIY-er, og ha flatfilssystem på eigen server i heimen, så innsåg eg at «mitt private internett» aldri ville vere så desentralisert og anarkistisk. Så forsøkte eg meg på ulike variantar med Obsidian og Netlify og Github, men eg fekk aldri heilt det estetiske eg var på jakt etter, eller at den var så effektiv som eg ville. Det tredje forsøket mitt var med programvara Notion, publisert til nett med Super, men eg blei mindre og mindre nøgd med

Så dette er forsøk fire!

Sida mi er skriven i notatverktøyet Obsidian, og blir publisert til internett gjennom static page-generatoren Quartz, som sender den til Codeberg, dit domenet tanketom.no peiker.

Brutalistisk vevbunad

Eg likar David Copeland sine prinsipp om brutalist web design, som har eit par enkle reglar.

  • Innhald skal vere leseleg på alle fornuftige skjermar og einingar
  • Berre hyperlenker og knappar skal reagere på klikk
  • Hyperlenker er understreka og knappar ser ut som knappar
  • “Tilbake”-knappen fungerar som forventa
  • Sjå på innhald gjennom scrolling
  • Dekorasjon der det trengst og ikkje noko urelatert innhald
  • Yting er ein funksjon

Dette bunnar ut i ei motrørsle mot store og tunge nettsider, som både er unødvendig tungt for enkeltmaskiner, samt brukar meir energi enn kva som trengst.

Brutalismen er mest kjend frå arkitektur ute i kjøtrommet, der rå betong og funksjonalisme er tydeleg. Eit av bygga på jobben min – Realfagsbygget, Bergens brutalistiske skatt – er etter sigande bygd for at ein skal kunne lede ein levande hest til einkvar del av bygget. Det er eit prinsipp eg tenkjer ein del på på innimellom.

Ei av grunnprinsippa i bacheloroppgåva mi var «den semantiske veven», at grunnelementa i eikvar nettside – HTML-taggane – skulle brukast der det gir meining både for menneske og maskiner. Brutalistisk vevbunad passar godt til dette.

Nokre andre av mine digitale hagar

  • Mperiet – min wiki for eit søkbart digitalarkiv over Mads Eriksen sine teikneseriestriper
  • Då stjernene falt – den Notion-baserte wikien for rollespelverda Aden, som eg spelte D&D i med vener
  • Eventyrerne Wiki – ein DokuWiki-basert side for info om NRK-rollespelpodcasten Eventyrerne, fordi sjølv norske nørdefranchiser trenger ein fanwiki

Andre sine digitale hagar

Relatert