
Denne sida er bygd på eit samspel mellom tre lag: Obsidian som skriveverktøy, Quartz som publiseringsmotor, og eit koppel med eigenutvikla tilpassingar som gjev sida det særpreget ho har.
Obsidian – der teksten bur
Alt startar i Obsidian, ein notatapp som lagrar alt som vanlege Markdown-filer i eit lokalt kvelv. Ingen proprietær database, ingen skyteneste ein er avhengig av, berre tekstfiler og mapper.
Obsidian legg til rette for å knyte notat saman med interne lenker. Skriv du [[Olav H Hauge]] i eit notat, får du ei lenke til eit anna notat med det namnet. Over tid veks det fram eit nett av samanheng mellom tekstar – ein digital hage der tankane veks saman i staden for å liggje i ei lineær rekkje. Det er også der nodegrafen kjem frå, “kartet” over artiklane.
Quartz – leveringssystemet
Obsidian er fint for meg, men korleis deler eg hagen med andre? Det er her Quartz kjem inn. Quartz er ein open kjeldekode-motor som tek eit Obsidian-kvelv og gjer det om til ei statisk nettside. Han forstår Obsidian sin Markdown-dialekt – med callouts, interne lenker, og anna formatering – og genererer HTML-sider med søk og navigasjon.
Resultatet er berre filer – HTML, CSS og JavaScript – som kan ligge på kva som helst enkel vertsteneste. Quartz-systemet lastar sida opp på Codeberg, ei tysk open-source-nettlager, tilsvarande Github. Eg har peika domenet tanketom.no til denne sida.
Vibekoding
Oppå standardoppsettet i Quartz ligg det fleire skreddarsydde tillegg som gjev sida personlegdom – desse er laga i samarbeid med Claude Code.
Lenkealder. Eit eigenutvikla skript fargar interne lenker etter kor gamle sidene dei peikar på er. Lenker til sider som er under 30 dagar gamle får eit gyllent lysskjer – dei er ferske. Sider mellom éin og tolv månader får eit diskré grønt skjer. Eldre sider ser ut som vanlege lenker. Slik kan lesaren sjå kva som er nytt i hagen med eit blikk.
Trekronedekorasjon. Øvst på kvar side heng det dekorative trekronebilete som svevar over innhaldet, som om ein les under eit lauvtak, slik tittelen på sida viser til – den unelege og skygge hagen.
Kategorilenker. I staden for å berre stole på taggane i Obsidian, har sida ei handkuratert liste med åtte hovudkategoriar i venstre sidefelt: frå Språk og nynorsk til Klima og Spel og leik og anna hobby. Desse fungerer som inngangsdører til hagen.
Typografi og fargar. Sida brukar skriftene Vesper Libre for overskrifter og Lora for brødtekst. Fargepaletten er jordleg: salviegrøn bakgrunn, djup lilla som aksentfarge, og gull som tertiærfarge. I mørk modus vert tonane djupare, men held den same varmen.
Uneleg og skygt
