Eg synest koding med LLM-ar er gøyalt, eg. Beklager. Her er nokre småprosjekt eg har vibekoda – hovudsakleg i Claude Code:
- Denne nettsida, dvs. det spesialtilpassa designet (dei grafiske elementa er heimesnikra eller bearbeida frå opne kjelder), nokre lokale utvidingar til Quartz og ein plugin til Obsidian publiserar rett frå grensesnittet til Obsidian. Meir om det her: Korleis tanketom.no er bygd
- Cyberpunk-curlingspelet HAMMER PROTOCOL: https://ting.bgo.city/hammer-protocol.html
- Diverse digitale leiker som kreativ utfolding for dotter mi, til dømes musikkmakaren: https://ting.bgo.city/chaos-pad.html
- Pixelart-sivilisasjonssimulatoren VERDI: https://tanketom.github.io/verdi/
- Noregskart, der du kan “tagge” kva kommuner du har budd i – lagrar ingenting på nett, kun lokalt eller lager (lange) delelenker du kan sende til andre: https://ting.bgo.city/noregskart.html
- Den digitale éinarma banditten Chordslots, der du trekker i ein spake for å generere tre notar, og får poeng ettersom kor harmonisk akkorden dei lagar er: https://ting.bgo.city/chordslots.html
- Korleis eg brukte KI for å lage eit medieøkosystem for Mario Kart-bedriftsligaen på jobb
- Korleis eg brukte KI for å lage ein web-app for Mario Kart-ligaen på jobb
Uneleg og skygt
