Ein sanntids autonom sykkel-liga i eit kontrafaktisk pseudo-europeisk alpint landskap med ei engasjert presse ved sidan av – som snakkar med Allheimen.
Kart over det sentrale KBU-området
Men eg kan ikkje byrje der.
Vi startar for ei veke sidan, då eg, i lettare feberrus, byrja å lese Robert Coover si bok Universal Baseball Association, ein roman om ein fyr som har hatt fleire tiår med ein fiktiv baseball-liga gåande i hovudet sitt, der han brukar tre sekssida terningar som domar for å sjå kva dei mange titals spelarane held på med.
Ikkje fordi han eigentleg likar baseball, men fordi han likar dynamikken og statistikken som kjem frå den type aktivitetar:
And so, finally, he’d found his way back to baseball. Nothing like it really. Not the actual game so much—to tell the truth, real baseball bored him—but rather the records, the statistics, the peculiar balances between individual and team, offense and defense, strategy and luck, accident and pattern, power and intelligence. And no other activity in the world had so precise and comprehensive a history, so specific an ethic, and at the same time, strange as it seemed, so much ultimate mystery.
Konkorda er ei klokke
Dette fekk hovudet mitt til å snurre litt. Ikkje berre på grunn av feberen, men det hjalp nok. Eg er litt av same ulla. Eg har alltid likt spel, reglar, rekneark, statistikk, og å lage tåpelege ting. Korleis kunne eg leike meg fram til noko liknande?
Eg endte, kanskje ikkje overraskande, på sykkelsporten. Men eg ville ikkje vere i USA, eg ville vere i ei verd litt meir som mi eiga, så eg endte opp med Sykkelunionen Konkorda.
Sykkelunionen Konkorda er ikkje eit spel, det er ei klokke som tikker og går uansett kva eg gjer (såframt serveren min samarbeider). Som i Universal Baseball Association blir alt i grunnen bestemt med tre sekssida terningar, og du kunne teoretisk ha spelt dette i røynda med berre tre terningar og ein heil masse notatpapir. Claude har bygd det ut så det fungerar mekanisk.
Dei viktigaste variablane som terningane triller
Spelet går i sanntid, altså med sesongar og sesongførebuingar gjennom året, det er politikk og vær og hendingar i bakgrunnen som påverkar syklinga, og syklinga kan påverke verda (som har over 60 nasjonar, litt an på kven du spør). Folk blir syklistar, politikarar, idrettsorganisatorar. Dei vinn, dei tapar, dei dopar seg kanskje, dei gjer kanskje litt korrupsjon, og innimellom døyr dei (dog ikkje på like spektakulære vis som hos Robert Coover).
Så, velkomen til KBU – Konkorda Biciklista Unio på konkorda.win. Den er på engelsk, nynorsk og – forsøksvis – esperanto.
Eg bestemmer nesten ingenting – du kan bestemme bittelitt
KBU har nett avslutta sin 17. sesong i 1997, og er på veg inn i vinterpausen. Unge Arvydas Tamm frå Severna – også kjend som «The Kalnapils Kid» – syklar for Lotteria Orsoni i år, og tok cupen etter ein imponerande sesong, der han tok alle fire poengskjortene i den berømte Giro di Tessaria.
På generelt grunnlag kan eg seie at Hochmark liknar Tyskland, Montaure liknar Sveits, Tessaria liknar Italia, Aubrance liknar Frankrike, Vellaria liknar Slovenia, og San Corvo liknar på Monaco. Vi skandinavar er representerte med Kalmar og Sápmi. Det finst pengesterke gamle kolonistar på andre sida av havet, og det finst ei tidlegare stormakt som vart delt i fleire land like bortanfor oss. Men noko er heilt annleis, våre oseaniske vener er ikkje eit engelsktalande land, til dømes, og øyene utanfor kysten av Aubrance er meir keltiske enn anglosaksiske. Vårt nabokontinent i sør har også ei heilt anna historie.
Med unntak av å legge til rette for kva bakgrunnsinformasjon verda skal ha, bestemmer eg ingenting. Løp, skader, sponsorar, hendingar, vêret, rykter, juks, og alt anna, blir trilla på terningar i tabellar. Om noko er spennande nok i verda blir det plukka opp av KI-journalistar som skriv ein kort engelsk artikkel på det.
Men om ein ikkje kan spele, kva skal du gjere med KBU da? Vel, du kan vere fan.
Når du opnar sida første gong får du ei velkomstmelding som gir deg ein quiz, som ender med å gi deg eit forslag til eit lag og ein ryttar du kan følgje. Dette blir lagra som ein cookie på maskina di.
Kva slags type lag og ryttar vil du følgje?
Om du vil kan du lage ein brukar som følgjer desse eller andre, eventuelt kan du også følgje laga frå Allheimen eller på RSS. Talet på følgjarar ender opp med å vere ei kraft i universet som etteraper publikumsinteresse, som kan påverke kor interesserte sponsorar og presse er i ryttarar og lag. Du kan spele tippekupongar før løp, du kan få nyheitsbrev med resultat, og så vidare.
Meld deg på eskapismen min, da?
Mitt lag er Hydro Vellaz, sponsa av den halvstatlege energiselskapet frå Velmira. Kva blir ditt?
Akkurat no er det tre dagar til vinterpausen startar offisielt, så gå inn, lag deg ein brukar (eg lover eg ikkje brukar dei dataa til noko som helst anna enn dette spelet, ei heller har KI tilgang til dei, og du kan melde deg av).
Er det unødvendig og teit? Ja.
Kall det ein slags eskapisme, og ein slags livslang draum for ein fyr som likar narrative terningspel.
Uneleg og skygt
