🎲

Mine tåpelege random-generatorar

Eg er Quiz.start.no-generasjonen, fødd inn i tida då den viktigaste identitetsmarkøren over internett var spørsmålsbesvarelsar eller “trykk på ein knapp for tilfeldig skaping av namn”-funksjonar. Så gjennom tida har eg laga mange teite slike, som diverre fell saman med jamne mellomrom, anten fordi eit domene blir vekke, fordi kode blir utdatert, og liknande.

Etter å ha (gjen)oppdaga Github tidlegare i år har eg funne ein ny stad å putte eit par av mine gamle prosjekt i rehabilitert versjon med ekstremt enkel Javascript.

Alle blir samla på denne sida, for augneblinken er det tre, men det blir sikkert fleire.

image
  • What is my Gluecifer name?
    • Som er ein gamal idé mellom meg og nokre vener, at det norske rockebandet sine pseudonym (td. Biff Malibu, Captain Poon, osv) har ei viss kjensle som burde utvidast
  • Benedict Cumberbatch Name Generator – cumberbitch.txt
    • Omtala her: 👩‍💻Benedict Cumberbatch-namnegenerator
  • Norwegian Jon Fosse Generator
    • Eit tøyseprosjekt frå kona mi sin (no nedlagde) blogg, Frontlosjen, som leikte seg mykje med grensesnittet rosablogg og djupe teaterreferanser

Relevante greier

🕸️Forefallande internett

📖Knausgårdminions og BankID-metal