🎖️

Soga om Det Lærdalske lette infanterikompani

Kva hender når ein gjeng stupgalne tylar frå Indre Sogn dreg til Austlandet for å banke svenskar? Dette er soga om Det Lærdalske lette infanterikompani.

image
image

Sidan 1500-talet hadde menn i Lærdal vore fritekne frå militærteneste mot å vedlikehalde vegen mellom aust og vest – i Lærdal er dette stykket veg oppmot Valdres.

Her er ein song om dei, det kan vere ein slags bakgrunnsmusikk. Men kven var eigentleg denne gjengen med «Bulete hattar og svarte kaskettar»?

I 1792 var løytnant Wilhelm Jürgensen, ein slesviger med militær ingeniørkunne, arbeidsleiar for den nye Kongevegen på vestsida av vass-skiljet over Filefjell, dei ei rekkje lærdøler bidrog med sitt for fedrelandet.

Nokre år seinare, i 1800, ville kong Christian VII likevel ha med lærdølene i kamp, fordi han trong kanonf… mannskap til Napoleonskrigane – han ville bryte ei då nesten 300 år gamal tradisjon.

image

Lærdølene, med bonde Anders Olson Lysne i spissen, vart retteleg så eitrandes tylgalne, og leia eit to år langt opprør mot kongemakti (godt skildra som bakgrunn i boka «Vestlandet» av Erlend O. Nødvedt).

Anders Lysne endte som halshoggen i 1803, avretta i Bergen. Og kven leia den 500 mann store styrka som til slutt tok han til fange? Sjølvaste Jürgensen, lokalkjend og attkomen som opprørsdempar og kongens lange lem.

Sogningar flest er ikkje særleg langsinte – og då Jürgensen, no kaptein, fekk i oppgåve å danne eit militærcompagnie i Lærdal måtte dei jo vere med. Innan 1808 var det 100 mann sterkt, med folk frå bla. Lærdal, Årdal, Hafslo og Sogndal.

image

I følgje soga lærar Jürgensen seg aldri godt norsk, men alle forstår «Fang an, geschwint, wir haben hast, fang an!» om det berre blir ropt høgt nok.

Dei heitte for øvrig først Leirdalske Skiløbercompagnie, men namnet vart endra alt året etter oppstart, truleg fordi indresogningar synest plank skal nyttast til hus (her innrømer eg spekulering).

Leia av Jürgensen vart dei sendte i strid mot svenskane og marsjerte over 300 kilometer mot Kongsvinger for å delta i slaget ved Trangen (Flisa) og slaget på Jerpset (Eidsmark).

image

Eg trur ikkje eg treng fortelje dykk kven som fekk pryl, men det er iallfall ikkje til ære for svenskane at det står ein bauta på Jerpset. For å seie det sånn.

Svenskane var leia av baron Ulfssparre, som vart drepen av ein lærdølsk bajonett idet han forsøkte å vise kvitt flagg. (Forlåt, Sverige – ikkje heilt kosher i krig.)

Soldat Ivar Kyrkjeteigen skal så ha freista take skaftestøvlane til baronen, men eine foten nekta å losne frå støvelen. Då hakka han like godt av heile foten, og lirka han utor etterpå. Støvlane vart seinare godt brukt.

Gleda over nye støvlar er nok motivert av eit angrep som hadde lite mat, mykje snø, og stor slitasje på klede og utstyr.

Om du synest dialekta til sogningar er låk i dag kan du berre tenkje deg korleis ho var på 1800-talet. «De hujede og skrek og talede et uforståeligt språk», stod det i ein norsk kamprapport.

I motsetning til mange fargesprakande uniformar på denne tida var lærdølene kledd i svart og mørkegrønt. Dialekti kan mogleg ha vore med å gjere dei endå skumlare. Lokale legender i Lærdal skal ha det til at svenskane spekulerte i om lydane kom frå franske leigesoldatar.

image

«Geschwint! Werft der gewehr och fald an mit den knif» var visst Jürgensens standardangrep – og lærdølenes villskap i front skapte åtgaum.

Compagniet kom att til Lærdal etter striden, og mange av både soldatar og offiserar fekk Dannebrogsordenen. Som betaling for kampevnene fekk dei òg lauslatt to resterande fengsla etter bondeopprøret i 1802. Alle som ikkje hadde blitt halshogne, altså.

I 1814 var dei pokker meg på ferde igjen, denne gongen som grensevakter for å passe på at Noreg i framtida framleis skulle ha eit Østfold (vi beklager i etterkant).

Jürgensen, seinare major, gav seg som lagsleiar i 1811 og slo seg etter kvart ned på Romerike og dyrka gard. Der er det, etter at Henrik Angell skreiv om sogningane, reist ein bauta til ære for Compagniet. Ein tilsvarande bauta står òg ved skeisebana i Lærdal.

image

Andre spor i Lærdal i dag finn du i gatenamn som Telthusvegen (nær der compagniet hadde eksersisplass), Løytnant Lem-vegen og Løytnantsbrygga (oppattkalla etter årdølen Hans Sørensson Lem som kjempa under Jürgensen).

Ifølgje Angell engasjerte Jürgensen seg i si pensjonisttid i Kristiania dramatiske selskap, eit amatørteater der hans gebrokne norsk visstnok kom godt med i komiske roller.

image

Compagniet vart nedlagd i 1878, iallfall offisielt. Vonde tunger skal ha det til at atomvåpen vart oppfunne i tilfelle lærdøler skulle finne på å vere edru lenge nok til å bli sinte på kongar igjen.

Moralen? Vær jævlig forsiktig med å gi ambisiøse og morosame tyskarar leiing over tylne sogningar.

Relatert

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no