🏎️

Korleis eg brukte KI for å lage eit medieøkosystem for Mario Kart-bedriftsligaen på jobben min

Då eg nyleg beskreiv dette prosjektet for ein kamerat av meg, kalte eg det «kanskje det mest Andreasque prosjektet eg nokosinne har gjort på jobb». Det startar med dette: Nyleg deltok jobben i bedriftsturnering i Mario Kart på play!-festivalen i Grieghallen.

For dei uinnvidde, Mario Kart er ein serie av spel med opphav på Super Nintendo i 1992. Heltar og skurkar frå Mario-spela, best kjend for dei to rørleggerbrørne Mario og Luigi, som køyrer om kapp i meir eller mindre avanserte baner.

For å legge til absurditet og kaos kan dei også bruke ulike våpen for å hjelpe seg sjølv eller forhindre andre – som å få ekstra fart av å spise sopp, eller å kaste varmesøkande skilpaddeskal på fienden – som jamnar ut noko av evnene dei enkelte måtte ha i spelet, slik at sjølv nye spelarar til serien kan ha noko av ein sjanse om å hevde seg mot dei som har spelt lenge.

Det nylegaste tillegget til serien er Mario Kart World frå i år, men enn så lenge speler dei fleste framleis på forrige versjon av spelet – Mario Kart 8, som har blitt utgitt i ulike versjonar det siste tiåret. Det var også dette vi spelte på play!-festivalen.

image

I løpet av to timar i Peer Gynt-salen med dette hadde vi det gøy, rauk ut tidleg, banna og steika mykje at vi ikkje vann fair play-prisen, og fann ut at dette kunne vi jo gjere som ein jobbaktivitet også.

Driftsmidler League – også lokalidrett trenger journalistikk

Så vi starta CDN-ligaen i Mario Kart – populært kalt Driftsmidler League (det er morosamt, fordi drifting er ei greie du gjer i Mario Kart – og det er også noko folk på universitet har eit forhold til).

Saman med kollegene mine laga vi eit rekneark for å logge resultat og poeng, vise sesongtabellar og diverse anna – som strengt talt blei meir avansert enn det trong vere, fordi eg synest formlar og rekneark er gøy.

Så tenkte eg: vent, dette går det jo an å analysere. Så eg ba KI om å seie noko om resultata i førsesongs-cupane vi hadde køyrd. Eg fekk ut ei tørr analyse i andre enden. Så tenkte eg: «hah, dette er jo litt som ein keisam… sports… journalist?»

Dermed ba eg KI analysere resultata, som om dei var to sportskommentatorar.

Med litt mikkeduring fekk dei to studiovertane namn – Flip og Turbo. Flip er den rolege og truverdige humraren, Turbo er det energiske motstykket som alltid avslutter sendinga med eit fast uttrykk. Som alle andre sportsprogram trenger dei også ein journalist på bakken, så dei har veteranen Mac som kan alt om banene i spelet.

Dette er altså berre enkle bileter – eg har ikkje blitt så stormannsgal (enno?) at eg produserar video av dette, sjølv om det truleg skulle ha vore mogleg.
Dette er altså berre enkle bileter – eg har ikkje blitt så stormannsgal (enno?) at eg produserar video av dette, sjølv om det truleg skulle ha vore mogleg.

Og resultatet ser akkurat ut som ein tominutter mellom to reklamepauser i pausen mellom to omgangar i fotballkampen på TV2.

image

Studiovertane seier ting til kvarandre som dei alle veit, dei bruker fraser og setningar som er brukt tusen gongar før, nærast som ei slags sjangerøving i adjektivhistorier.

Og Flip avsluttar alltid sendingane sine med «and that’s a finish line worth drifting into» – ei setning som er 100 % KI-skapt, som eg synest er veldig sjarmerande, og like vel høyrest akkurat som den typen setning ein amerikansk kommentator kunne ha funne på å seie.

KI-testing utan risiko

Eg må først og fremst seie at dette er ei slags øving for meg – sjølv om mesteparten av dette blir gjort utanfor arbeidstid. Eg har trua på at KI kan letne nokre arbeidsoppgåver for ein stakkars kommunikatør.

image

Sjølv om min senternestleiar jamnleg går ut i media og seier eg tek feil har eg her byrja ein stad med det som på godt nynorsk blir kalla “low stakes”. For sjølv her klarar KI innimellom å ta feil – det reknar snittpoeng feil, det blandar mellom ulike racersjåførar, og så vidare.

Noko kan sikkert skuldast på input-data – skit inn blir til skit ut – reknearket mitt kan sikkert bli endå tydelegare. Vi kan sikkert diskutere kva verktøy som fungerar best også – for min eigen del har eg brukt NotebookLM, Google sitt verktøy for å lagre spesifikke dokument som blir brukt som database for ein språkmodell (det er ingen persondata i databasen). Slik kan eg lagre “sendingar” og gi dei ein dato, slik at systemet igjen kan plassere dei i ein tidslinje og kontekst i forhold til poengreknearket vårt.

Vi diskuterte nyleg på jobb om dette hadde kunna blitt brukt til noko anna – kanskje ein kan få den til å oppsummere våre vitskaplege publikasjonar éin gong i månaden? Som podcast?

Då høyrer eg min nestleiars stemme i bakhovudet som seier «Ikkje utan at innhaldet blir sjekka nøye for å forhindre hallusinering og fabrikasjonar! Og då tek det truleg like lang tid som å spele inn podcasten sjølv også!» Ho har truleg heilt rett.

Tilbakemeldingar om inkludering

Ein anna kritikk eg fekk frå ein kollega som er meir oppteken av inkludering og lagbygginga her enn å talknusing og formel 1-sk analyse var at det var då eit valdsamt fokus på prestasjonane her?!

Då svara eg at dersom du ber KI om å etterape sportsjournalistar så får du sportsjournalistar.

Så tenkte eg: men eg kan jo spørje KI om å gjere noko anna også? Kva utradisjonelle sportsjournalistar veit eg om?

https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Hst-by-rsexton-longbeach-5-1989-1.jpg

Nyjournalisten Hunter S. Thompson var ein fyr som likte å leve på grensa. Men han starta som sportsjournalist og redaktør, og alt då var han rar, lenge før narkotikaen tok tak. Hans mest kjende bok – etter narkotikaen – Fear and Loathing in Las Vegas byrja med eit oppdrag om å dekke ørkenmotorsykkelløpet Mint 400.

Så kva om eg ber maskina om å lage ein konspiratorisk litt paranoid drøymer og ikonoklast, med liberalt forhold til rusbruk, og eit ynskje om å finne Mario Kart si indre mørke sjel?

Når Reef tek magisk sopp, er det då kannibalisme?
Når Reef tek magisk sopp, er det då kannibalisme?

Møt Reef, som er kryptoblogger og sit heilt på kanten av stadion – skækk som eit juletre – og trommer sine eksistensialistiske trippar ned på ei skrivemaskin som han telefakser ut på eteren. Hugsar han alltid rett? Nei. Men han er inne på noko som ingen andre kan sjå.

Økosystemet blir ferdig

Men det kan alltid bli meir, kan det ikkje? Eit økosystem beståande av berre to typar populasjonar høyrest lite bærekraftig ut. Så eg ba NotebookLM om å gi meg forslag til fleire program, med fokusområde, namn på programleiarar.

Etter litt beskjæring av overlapp og tema står vi igjen med denne lista:

Core Kart Crew frå Mario Kart TV

Flip, Turbo og Mac gir deg TV2 Sporten-oppsummeringa du trenger i kvardagen din – like etter utanriks, like før været. Familievenleg og ålment.

The Meta Report

Analyse og talknusing ála Fantasy Football-podcastar som har stålkontroll på xG og kva greske tredjedivisjonslag likar å ete til frukost. Er kritiske til regelsettet i ligaen, men er likevel dei som har aller best kontroll på den. Desse har også best peiling på det tekniske oppsettet til bilane i racerløpa.

Reef’s Dispatch

Reef har alltid vore på kanten, sjølv når han dekker den største sporten i verda. Han er kynisk og essayistisk, og den fremste representanten for Soppriket sin New Journalism. Hatar talfokuset til dei to føregåande i lista.

The Rant

“Youtube Drama”-podcast som spekulerar tungt i det indre dramaet blant racersjåførane og dei sterke personlegdomane, og kven som hatar kvarandre bak scena (ingen hatar kvarandre, men det får du aldri overbevist dei om).

The Ghost Racer’s Ascent

Youtuber som er veldig, veldig oppteken av éin spesifikk av racersjåførane, og nitidig loggar opp- og nedturar kvar veke.

The Situated Spectator

Filosof og autoetnograf som overanalyserar og refererar til postmodernistar over ein låg sko, snakkar mykje om Adorno. Og Horkheimer. Og den gjengen.

Vibereport

Tett på og umiddelbar reaksjon på billøpa, totalt blotta for tal, berre gode vibes!

Dermed har vi, allereie før oppstart av første reelle sesong i vår interne liga, ein liten meny av personlegheiter som eg kan tappe inn i for å kommentere løpa, og utvide opplevinga av det som eigentleg berre er lunsjunderhaldning i vekedagane.

Er det nødvendig?

Ettersom eg bruker den interne databasen i NotebookLM som utgangspunkt hugsar dei også dei tidlegare outputta, og kan byrje å kommentere kvarandre sine fråsegn og etter kvart intervjue kvarandre. Det kan vere fare for det som i populærkulturen blir kalla flanderisering – altså at humoristiske figurar etter kvart blir parodiar av seg sjølv – men enn så lenge reknar eg det som greit nok.

Etter litt tidsbruk i starten er i utgangspunktet ikkje dette noko som tek særleg tid heller. Ved slutten av kvar veke har vi lagt inn resultata i reknearket. Då er det ein ganske førehandsprodusert ledetekst/prompt eg brukar for å lage eit “program”, som stort sett er 200-400 ord med tekst. Med mindre eg har ein spesifikk tanke ber eg den plukke tilfeldig frå eitt av programma, og analysere vekas løp sett gjennom den linsa.

Er det nødvendig? Nei!

Er det gøy? Ja! (Eg trur det, iallfall.)

Er det, på sett og vis, overraskande lagbyggande? Tilbakemeldingane er gode, og eg synest det enkelt bringer litt engasjement til noko som er sjukt kvardagsleg.

Med andre ord, veldig Andreasque.

Relaterte greier

  • 🕸️Forefallande internett
  • 📠Teknologi og sånt
  • 🧱Spel og leik og anna hobby
🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no