Frå ein Twitter-tråd i november 2019:
Eg er relativt sikker på at det er dette ein kallar cherry-picking:
Bergen har finere vær enn Oslo
Du tror kanskje det er finere vær i Oslo enn i Bergen? Værentusiast Robert Næss har statistikk som motbeviser det. Denne artikkelen er over to år gammel Robert Næss har samlet statistikken for alle klarværsdager målt i Bergen og Oslo tilbake til slutten av 1950-tallet. Tallene er tilgjengelig via Meteorologisk institutt sin kilmadatabase.
www.bt.no
Robert Næss og journalisten brukar her «finere vær» som er ganske udefinert og vidt, medan dei lener seg på eit veldig spesifikt meteorologisk begrep – «nemleg klarværsdag».
Siden slutten av april i år har Oslo kun hatt tre klarværsdager, mens Bergen i samme periode har hatt elleve.Klarværsdag er et begrep brukt av meteorologer for å definere skymengden observert på faste tidspunkt i løpet av en dag. Den observerte skymengden gir et tall mellom 0 og 24, der null er helt klart vær og 24 er helt overskyet.
For at en dag skal kunne regnes som en klarværsdag, må summen av skyobservasjonene være fire eller lavere.
Her er klarværsdagar og nedbør i 2019 – Oslo mot Bergen. Å velgje "slutten av april" er veldig hendig for Næss, sidan båe byane hadde mykje klarvær i april. Dermed fekk ein låst ute den éine månaden Oslo hadde mange slike dagar. (Kjelde: Norsk klimaservicesenter og Yr.no).
Bergen leder framleis med 19 mot 13 klarværsdagar (i skrivande stund), men det er likevel ei ganske annleis framstiling om ein tek med nedbør.
Om ein brukar ei folkeleg definisjon av «finere vær», så er nok eit regnvått halvår med dobbelt så mykje nedbør ganske sterkt vekta.
Relatert
Rekreasjonell Excel, del 1 – OL-edition
Rekreasjonell Excel, del 2 – terning-edition
Klima
Korleis lage sånne kule klimastriper i Google Sheets/Excel?