💫

Ein 12-minutters Star Wars på norsk, seier du?

I 1983 gav Eventyrbånd ut ein norsk versjon av «Star Wars: A New Hope» som kortfatta lydbok med ei tilhøyrande bok med bilete frå filmen. Eventyrbånd (Serieforlaget Hjemmets lydbok-arm) var stort sett Walt Disney-produksjonar, men hadde også eit fåtal andre historier, deriblant denne.

Eg er for ung til å ha funne den i utgivelsesåret, og fann den første gong hos Marius Øfsti (mariusbax), då han la den – og ein uoffisiell versjon av same lydbok med sinnatrønderstemme – på Soundclouden sin:

Dette er Harald Mæhle, Anders Hatlo, Øystein Wiik, og Liv Bernhoft Usa i dei ulike rollene som figurane vi kjenner så godt, men gjort på rundt 12 minutter.

“Wow, ein fin intro til Star Wars for unge,” tenkte eg. “Synd eg ikkje har boka.”

Så tenkte eg brått: “Haha, tenk om nokon hadde klipt til ein versjon av filmen slik at den passa til lydboka da.”

Stillheita omslutta meg. Eg vart brått innkapsla i mine eigen tankar, ein fælsleg og stilltigande altomsluttande og kryssdimensjonell spegel satte meg i direkte kontakt med ein versjon av meg sjølv som eg kjenner altfor godt. Den versjonen som på eit eller anna vis alltid har tid og overskot til småprosjekt, den versjonen som alltid har tid til å lage noko uminneleg teit, som Minions-bileter med Knausgård-sitat, eller ein generator som lagar teite Benedict Cumberbatch-namn, eller grev opp gamle lokalhistorier.

Innsikta råka meg som ein røynd og velplassert måkebæsj:

“Faen, det er eg som må klippe til ein versjon av filmen slik at den passar til lydboka, er det ikkje?”

“Jo,” sa Stillheita. “Jo, det er det.”

Så då gjorde eg det. Første versjon vart laga då dotter mi var ganske nyfødd, og den vart pussa litt på i løpet av pappapermen, og eg er i skrivande stund relativt nøgd med den som nesten-ferdig, og den har blitt vist til vener og kjende (rett nok hovudsakleg vaksne, med eit forhold til filmserien) til lått og fnising.

Synd eg ikkje kan dele den her, det ville jo ha vore brot på diverse opphavsrettsreglar, og det kan eg jo ikkje ha noko av – lovlydig som eg er.

Forresten – apropos absolutt ingenting – så er dette e-posten min: tanketom@gmail.com.