🐘

Kva i all verda er Allheimen?

Allheimen er eit meir menneskeleg internett.

Allheimen (også kalt the fediverse) er ei samling av opne, desentraliserte sosiale medier som snakkar saman. Omtrent som med e-post kan du kommunisere med folk sjølv om dei ikkje er på same nettside som deg sjølv. Mastodon er eit alternativ til Twitter eller Bluesky og det vi skriver mest om her, men det er berre eitt av mange verktøy i Allheimen.

Kom i gang ved å besøke ein av dei norske instansane, til dømes oslo.town, snabelen.no , babb.no eller social.vivaldi.net. Registrer en konto, lag et kort innlegg med #introduksjon og #NorskTut, så blir du lett funnen av andre.

På Allheimen er det menneske som skriv, diskuterar og deler det som betyr noko for dei – politikk, nyheiter, framgangen på si nye snikkarbod, eller sine favorittkulturopplevingar.

Det viktigste er at du, eit menneske, styrer ditt eiget innhald. Inga sentral algoritme bestemmer kva du ser – du velger sjølv kva du deler og kven du følgjer. Når du liker noko, del det vidare, så får fleire menneske moglegheita til å oppdage akkurat den stemma.

1️⃣
Del 1: Vil du lære om Mastodon? 🍞En introduksjon til Mastodon
2️⃣
Del 2: Vil du lage Mastodon-brukar?🧀Bruk av Mastodon i praksis

Men kva server skal eg velgje?

På Twitter var eg @tanketom, som kun kunne kommuniserast med på Twitter. På Mastodon er eg @tanketom@tutoteket.no, og kan «sende e-post» til alle med brukarar i system som kan snakke med Mastodon. Du treng ikkje brukar same stad som meg for å følgje meg på kva eg skriv eller utveksle offentlege eller lukka beskjedar med meg – det er poenget.

Det kan likevel vere litt vanskeleg å velgje kvar du skal bu i Allheimen. Her er nokre forslag med norsk- og nordisk-sentrerte serverar, samt nokre basert på mine interessefelt.

Nokre norsk-ish opne instansar du kan spørje om å bli med i:

Nokre andre instansar eg følgjer med på:

Nokre skandinaviske instansar:

Tutoteket.no er instansen til bla. meg og Arne og ein liten handfull folk. Med mindre vi velgjer å betale meir for å få rom til fleire, har vi i utgangspunktet ikkje noko plass der.

Ellers finst det instansar for mange hobbyar, yrker, legningar, ideologiar, aktivistar, og diverse aktiviteter som er trygg – eller ikkje trygg – for jobb-surfing. Alle har sine eigne meir eller mindre handheva reglar, som kan vere både om språk, innhald, og temaer dei vil framheve eller helst late vere, så det kan vere lurt å ha lest gjennom reglane på førehand før du blir med i ein instans. Kardemommeloven fungerar i dei fleste tilfeller.

Har du alt laga deg ein brukar, og følt at du havna feil stad? Frykt ikkje, du kan alltids flytte frå ein server til anna med denne bruksanvisninga: 🌝Mastodon-migrering, å flytte til en ny server.

Men kva app skal eg bruke?

Den offisielle appen til Mastodon er heilt ok, både for Android og IOS.

Om du vil ha alternativ kan du forsøke ein av desse:

Web og desktop

  • Grensesnittet i webversjonen av Mastodon er heilt ok, men blir betre om du går i innstillingar og hukar av for “avansert grensesnitt”. Då får du fleire kolonner du kan definere med ulikt innhald og feste, slik at du får ei meir spesialtilpassa side.
  • Sengi har både app og web-versjon for Windows, Mac, og Linux.
  • elk.zone er eit alternativt nettgrensesnitt for Mastodon.

Android

IOS

Desse er eit lite utvalg. Vil du sjå ei meir innførande gjennomgang, kan du sjekke joinmastodon.org si eiga oversikt over appar.

Ordliste for Mastodon

Av @lisawe@snabelen.no og @dltq@oslo.town og @tanketom@tutoteket.no:

Engelsk ord
Oversettelse
Forklaring
Fediverse
“Allheimen” eller “Fødiverset”
Det er en voksende oppslutning om å bruke ordet “allheimen” på norsk, men tidligere har vært vanlig hittil å kalle det “fødiverset”, direkte omsatt fra den engelske forkortingen av “federated universe”.
Toot
“Tut” eller innlegg
På Mastodon heter et innlegg et “tut”.
Boost
Boost eller fremheving
Man “booster” et tut/innlegg ved å bruke denne funksjonen, og deler det da på sin egen profil til sine følgere. Tilsvarende “retweet” på Twitter.
Hashtag
Emneknagg eller hashtag
Mange kjenner til dette fra Facebook, Instagram og Twitter. På Mastodon kan man også, som på Instagram, abonnere på emneknagger.
Instance
Instans, server, side eller siida.
De ulike stedene man finner Mastodon-fellesskap. Ikke alle har et forhold til det teknologiske begrepet “instans” – “server” eller rett og slett “side” kan være like godt å forstå. “Siida” er et samisk ord for fellesskap, storfamilie eller indre samfunn, som også er et godt alternativ.
Timeline/feed
Tidslinje/Feed
Det er på tidslinjen/feeden nedover at du ser innlegg som er synlig for deg.

Andre system i Allheimen

Som nemnd kan også dei andre sosiale media i Allheimen snakke med kvarandre, så du kan ha ein Mastodon-brukar, og følgje nokon på til dømes Pixelfed (Instagram-alternativ) eller Bookwyrm (Goodreads-alternativ). Systema opnar altså for samhandling på tvers av sider og serverar – som ein føderasjon, i staden for ein eineveldig stat.

  • Pixelfed – liknar på Instagram, før Instagram forsøkte å bli TikTok. pixelfed.babb.no er ein norsk instans.
  • Bookwyrm – liknar på Goodreads og liknande Amazon-eigde tenester, books.babb.no er ein norsk instans.
  • PeerTube – liknar på Youtube og Vimeo, Riksarkivet har til dømes ein PeerTube-instans
  • Mobilizon – liknar på hendingsdelen av Facebook, og liknande arrangementskalenderar
  • OwnCast – liknar på Twitch
  • Hubzilla - ligner mer på facebook, men med mange tilleggsfunksjoner, som hjemmesider, wiki, blogg, forum, enkel nettbutikk osv. Bedre kontroll over hva man deler med hvem, mulighet for flere kanaler, flere profiler pr. kanal, kloning/sømløs flytting/synking av kanaler til andre instanser. Kan i tillegg til ActivityPub også snakke med Diaspora og via Hubzilla's egen Zot6 protokoll.
  • Friendica - i utgangspunktet forrige generasjon av samme kodebase som Hubzilla, men med mindre funksjonalitet. Mer rendyrket sosialt nettverk. Vedlikeholdt og videreutviklet parallelt og uavhengig av Hubzilla. Snakker i tillegg til ActivityPub også med Diaspora. social.babb.no er ein norsk instans.
  • GnuSocial - den "opprinnelige" fødivers-programvaren avledet fra identi.ca. Forøvrig den direkte inspirasjonen for Mastodon, som opprinnelig var en GnuSocial klone.
  • Socialhome - sosialt nettverksprogramvare med et unikt grensesnitt. Opprinnelig en Diaspora-klone, men støtter nå også ActivityPub.

Takk til @harald@hub.volse.no for utviding om ulike Allheim-systemer.

Lage min eigen instans, seier du?

Om du treng tips til å starte din eigen instans, så kan du lese her:

Takk til @eivind@mastodon.fjerland.no for forslag om Yunohost.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no